Vi jobbar systematisk med å styrke barna si evne til samarbeid, vennskap og empati. Gjennom verktøy som De Utrolige Årene (DUÅ), Steg-for-steg-samlingar og Dinosaurskulen får barna øve på å forstå eigne og andre sine kjensler, finne gode løysingar og skape positive relasjonar.
- DUÅ (De Utrolige Årene) er eit forskingsbasert program som gir vaksne gode metodar for å støtte barn si sosiale og emosjonelle utvikling. Gjennom leik, samtalar og struktur skaper vi eit positivt miljø der barna blir sett, høyrt og anerkjent.
- Steg-for-steg er samlingar som hjelper barna å øve på konkrete ferdigheiter, som å kjenne igjen kjensler, dele, vente på tur og finne løysingar i konfliktar.
- Dinosaurskulen er ein del av DUÅ-programmet og er tilpassa barnehagebarn. Gjennom leik, historier og rollespel lærer barna om vennskap, problemløysing, kjensleforståing og å ta gode val i kvardagen.
Desse verktøya hjelper barna til å utvikle tryggleik og gode strategiar i møte med andre, og dei legg eit viktig grunnlag for vidare utvikling både i barnehagen og seinare i livet.

