Læring i kvardagen
Dei små stega i kvardagen – som frå leik til samling, eller frå måltid til uteleik – er viktige læringsarenaer. Barna får øve på å samarbeide, vente på tur, lytte til kvarandre og ta omsyn til andre.
Gjennom songar, rim, regler og små forteljingar gjer vi desse stundene leikande og språkstimulerande. Slik blir kvardagen meir enn rutinar – den blir små augeblikk for fellesskap, konsentrasjon og glede.
Slik arbeider vi i praksis
-
Garderoben: Barna får god tid til påkledning og oppmuntring til å klare mest mogleg sjølv. Personalet støttar og gir ros undervegs, slik at meistring blir ein naturleg del av dagen.
-
Måltid: Måltida er ei stund for ro og gode samtalar. Barna får øve på sjølvstende, til dømes å hente og rydde etter seg, og fellesskapet blir styrkt gjennom song, boklesing og samtale rundt bordet.
-
Samling: Vi har korte og varierte samlingsstunder med songar, rim, regler og bilete. Barna får kjensle av fellesskap, og samlingane gir språkleg og sosial trening.
-
Kø og stell: I situasjonar som dokø, handvask eller bleieskift legg vi vekt på tryggleik, struktur og gode relasjonar. Vi nyttar tida til samtale og språkstimulering, gir ros for meistring og gjer stellesituasjonen til ein varm og nær møteplass mellom barn og vaksne.
-
Tur: På turar legg vi vekt på tryggleik, fellesskap og gode opplevingar i naturen. Barna lærer om trafikk, får ansvar som ordensbarn og får utforske omgivnadene med alle sansar.
Vår tanke
I Hundvin Naturbarnehage ser vi på kvardagen som ein arena for læring, meistring og utvikling. Små og store steg gir barna høve til å oppleve tryggleik, utvide perspektiv, utforske og lære – saman med andre. Med systematisk arbeid, varme vaksne og tett foreldresamarbeid skapar vi ein barnehagekvardag der barna kan møte både det kjende og det nye med nysgjerrigheit, glede og tru på seg sjølv.

