Verdiane våre

Tryggleik – Omsorg – Glede I Hundvin Naturbarnehage ønskjer vi at barna skal oppleve ein kvardag full av tryggleik, omsorg og glede. Desse verdiane er grunnmuren i alt vi gjer – frå leik i naturen til kvardagslege samlingar, frå små augeblikk med meistring til store tradisjonar gjennom året.

Tryggleik

  • Barna får tid og støtte i alle overgangar – mellom heim, barnehage og skule.

  • Vi legg stor vekt på tett foreldresamarbeid og gode samtalar om kvardagen.

  • Personalet er engasjert, oppdatert og brukar same pedagogiske verktøy.

  • Små grupper og nære relasjonar mellom barn, foreldre og vaksne gir eit trygt fellesskap.

Omsorg

  • Små barnegrupper gjer at kvart barn vert sett og høyrt.

  • Vi tilpassar planar og rutinar til barnet sitt beste.

  • Barnas behov og trivsel står alltid i sentrum.

Glede

  • Humor, latter og leik pregar kvardagen.

  • Frileik og venneleik er høgt verdsett.

  • Vi har eigne leikedagar med leiker heimanfrå, og vi dyrkar leseglede, fantasi og skaparglede.