Leiken er barnas viktigaste læringsarena – og har ein eigenverdi i seg sjølv. Gjennom leik utviklar barna fantasi, kreativitet, språk, sosiale ferdigheiter og evne til problemløysing. I leiken kan barna utforske, prøve og feile, forhandle og finne sine eigne løysingar. Leiken gir rom for humor, spenning, meistring og glede, og er med på å byggje både sjølvkjensle og vennskap.
For oss i Hundvin Naturbarnehage er leiken grunnmuren i kvardagen. Vi legg til rette for både fri leik og strukturert leik, ute og inne. Dette gjer vi ved å:
- vere aktive vaksne som deltek i leiken når barna ønskjer det, og som støttar, oppmuntrar og coachar barna vidare.
- ha eit variert og tilgjengeleg leiketilbod, både ute og inne, som stimulerer ulike typar leik – fysisk leik, rolleleik, konstruksjonsleik, språkleg leik og naturleg utforsking.
- gje barna tid, rom og ro til å fordjupe seg i leiken, slik at dei kan oppleve flyt, meistring og fellesskap.
- bruke naturen som leikeplass: skogen, fjellet, leirplassen og uteområdet vårt gir unike moglegheiter til kreativ og utfordrande leik som styrkjer motorikken og gir ekte naturopplevingar.
Vi veit at leik ikkje berre er «barns jobb», men også deira viktigaste måte å lære og utvikle seg på. Difor prioriterer vi leiken høgt og ser på han som ein arena for både læring, vennskap og livsglede.

