Kva får barna hjå oss?

I Hundvin Naturbarnehage legg vi til rette for at barna skal oppleve meistring, vennskap og undring kvar dag. Gjennom leik i naturen, varierte aktivitetar og gode fellesskap får dei utvikla både kropp, språk og sosiale ferdigheiter – medan dei skapar minner for livet.

 

  • Leik og relasjonar på tvers av alder.

  • Meistring gjennom leik i ulendt terreng – som styrkar balanse, koordinasjon og musklar.

  • Stimulering av alle sansar i eit miljø som stadig endrar seg.

  • Sosial kompetanse gjennom samlingar med fokus på vennskap og kjensler.

  • Språkkompetanse via lesegrupper, høgtlesing og leik med ord og forteljingar.

  • Personale med DUÅ-kurs (De utrolige årene), som støttar barn i sosiale, emosjonelle og problemløysings-ferdigheiter.

  • Deltaking i små og store tradisjonar gjennom året – som brannvernsveke, sykkeldagar, besteforeldrefrokost, samisk veke og teaterframsyningar.