Leirplassen er ein viktig del av kvardagen i Hundvin Naturbarnehage. Her finn du lavvo, bålhus og ei lita scene – ein stad der barna kan vere ute heile dagen.
Her får fantasien fritt spelerom: dei dramatiserer eventyr, leikar Haien kjem, les bøker og oppdagar smådyr i naturen. Samstundes lærer barna å bli glade i naturen – og å ta vare på henne. Dei møter små og store utfordringar, og opplever at vi eigentleg ikkje treng noko sanserom, for naturen gir oss alt heilt gratis.
Vi har òg kokkegruppe som lagar mat ute og nyt lunsjen saman på leirplassen. Dette blir gode stunder med lukt, smak og fellesskap.
Leirplassen er alltid i utvikling – forma av barnas eigne interesser og prosjekt. Slik blir han ein levande stad der leik, læring og glede går hand i hand. 🌿🔥
Og sjølvsagt – treng nokon ein kvil eller må på do, så har vi eigne senger og toalett tilgjengeleg, slik at alle får det dei treng gjennom dagen.

