I denne naturlege leikeplassen får fantasien blomstre. Vi har leikt alt frå hjortejakt til busstur, og skogen gir alltid ny inspirasjon til leik og eventyr.
Spindelvevskaret er òg eit klatreeventyr. Her finst mange naturlege klatreleiker som utfordrar motorikken, gjer barna sterke og gir dei meistringsglede.
Her får små og store oppleve spenning, leik og fellesskap – midt i naturen.

